|
Det
er noko med sangaren Kurt
Wagner. Denne tørre,
svakt hese og litt mørke stemma som er sangaren i Lambchop.
Det er noko med korleis han får sangen til å leve, noko med å være
tilstades i songen. Kurt
Wagner forhastar seg
ikkje, han hentar fram det beste i sangen med sin vare men intense
sangstil.
Det er noko med disse sangane Kurt
Wagner lagar, og som
han spelar saman med bandet sitt, altså Lambchop.
Melodiane bevegar seg oftast i eit langsomt tempo, men er likevel funky.
Dei er sofistikerte, men også såre og rå komposisjonar som sitrar av
uro. Ein kan finne blå jazzelement, stillferdig soul, funky country. Men
først og fremst liknar det ikkje noko ein har høyrt før.
Lambchop
er bandet som består av sånn ca. 15 musikarar, men hovudrolla er så
definitivt Kurt
Wagner si. Det er han
som er personen med denne unike kreative krafta, og som styrer bandets
musikalske uttrykk.
”Is A Woman”
er Lambchop
si 6 offisielle plate. Dei har for kvart album utvikla seg, men samtidig
vore tru mot sitt prosjekt. På ”Is
A Woman” er det den
lavmælte utgava av bandet vi for bli kjent med. Kor skånsomt kan så
mange musikarar egentlig spele?
Det er røysta til Kurt
Wagner som dominerer
lydbildet. Nærmast han i lydbildet finn vi den nye pianisten Tony
Crow, som sitt bak
der og trillar fram nydelige tonar frå pianoet sitt. Resten av bandet
blir lydkulissar som dukkar fram litt her og der, dei bråkar litt, tøffar
seg av og til, prøver å stikke seg fram når du minst ventar det, men
blir helde i sjakk av produsent og bandmedlem Mike
Nevers.
”Is A Woman”
bringar fram ein meditativ stemning i lyttaren. Den inneheld 11 sangar i
eit veldig einsarta sound. Albumet kan derfor ved dei første
gjennomlyttingane virka noko einsformig. Men slik er ikkje virkeligheten,
når ein først lærer å kjenne den.
Dette er magi, og når tittelkuttet dansar forsiktig ut i reggae-takt, og
den salige stunda er over, ja då har ein ikkje lyst til mykje anna enn å
starte frå spor 1 igjen.
Odd Moon 2002
------------------ |
|
Lambchop er et
countryrock-kollektiv som består av 14 medlemmer. Den
ubestridte leder og boss i bandet er Kurt
Wagner. Han er selve
hjernen bak bandet. Som låtskriver, musiker (1946 Gibson L7
gitar),
vokalist og produsent øver Kurt Wagner stor innflytelse på hva som
skjer med Lambchop.
Musikken er rolig, behagelig og spennende å høre
på. Første gang jeg satt på
førstesporet på "Nixon", "The old gold shoe", fikk jeg med
ett assosiasjoner til Belle & Sebastian. Etter flere
gjennomlyttinger derimot vet jeg ikke helt hva Lambchop likner på,
muligens Flaming Lips, Grandaddy osv.
En ting man bør være bevisst
på når man legger "Nixon" i Cd-spilleren er at denne
plata garantert ikke sitter etter første gjennomlytting, men etter
4-5 gjennomspillinger sitter den. Etter min mening er denne plata
blant de ti beste platene fra fjoråret, som for øvrig var et meget
godt rockeår.
Rune Grønåsen 2001 |