Rockeweb
 
Plateanmeldelser
         
         
         
         
  #   A   B   C   D   E   F   G   H   I   J   K   L   M   N   O   P   Q   R   S   T   U   V   W   X   Y   Z   Æ   Ø   Å
Beth Gibbons & Rustin Man
Out of season
Go! Beat Records
Cd
- 2002

Kjøp
Beth Gibbons er tilbake, det er gått 5 år sidan ho og bandet hennes Portishead sist gav lyd frå seg på platefronten. Då med sitt sjølvtitulerte andre album. Etter at dei i 1994 hadde gjort furore med det storarta albumet ”Dummy”.

For dei som ikkje skulle kjenne til Portishead; dei lagar musikk i den såkalla trip hop tradisjonen. Varemerket er tunge beats, eit teppe av symfonisk lyd vevd saman etter klipp og lim mentaliteten til Geoff Barrow. Men det som gjer det heile fullkomment er Beth Gibbons vakre sang.

Denne gangen er ho imidlertid tilbake i ein noko anna samanheng. Viktigaste samarbeidspartner (Rustin Man) er Paul Webb, mest kjent frå nå oppløyste Talk Talk.

”Out of Season”; ein vårblom som blomstrar i januar, snø som dalar ned i mai, trekkfuglen som prøver å overvintre, eller ein som dansar sin eigen dans midt blant den store felles suggesjonen (no for tida er det hvis ketchup som gjeld).

”Out Of Season” er full av skjør melankoli.

”God knows how I adore life”, eit kjærlig sukk til naturen, til livet. Slik startar plata. Sangen heiter ”Mysteries”, og er den første av 10 vakre sangar.

Beth Gibbons syng om livet, om kjærligheten, om menneskets utilstrekkelighet, om tida som går ubønnhørlig (”time is but a memory”) målt opp mot naturens evige skjønnhet og årstidenes faste rytme.

I tonane me høyrer her kan me strekke linjene tilbake til engelsk folkemusikk, til Nick
Drake, til Marianne Faithful (slik ho sang ”As Tears Go By”). Men me finn og stemningar frå meir orkestrert musikk, slik for eksempel Nina Simone gjorde det. 

Beth Gibbons har ei sjeldan vakker sangstemme. På ”Out of Season”, får ho vist kva ho er god for. Ho klarer som få andre å gjere kvart ord i sangen viktig, kvar tone står fram i all sin sårbarhet. Hvis begrepet sjelfull sang har ei meining, ja så må det være sangen til Beth Gibbons.

Det aller største øyeblikket er ”Funny Time Of Year”. Den bygger seg opp frå enkel akustisk gitarklimpring i samspel med Beth si nakne stemme, til den når klimaks med fullt orkester og stor sang 5 minuttar seinare; musikk som beveger. 

”Out Of Season” er haustens vesle eventyr, den støyar ikkje, den skrik ikkje etter oppmerksomhet, men den er her, og er ein ideell partner for ei melankolsk kveldsstund.


Odd Moon 4 desember 2002