|
Me
finn fram litt raudvin, plasserer godstolen strategisk i forhold til der
lyden nå skal komme frå. Stereoen er på, Sea Change er i cd-spelaren.
Play. Raudvinsglaset er fullt opp. Beck
syng; ”Put yout hands on the wheel, let the golden age begin”, me er
på tur gjennom eit nakent ørkenlandskap, det er tunge dagar; ”these
days I barely get by, I don’t even try”. Dama
har reist, og vår mann har oppsøkt ørkenen, har med gitaren, låtskrivartalentet
og eit trist sinn. Med eit slikt utgangspunkt blir det såre sangar om
savn, fortvilelse, tap, litt bitterhet, men og om sjølvransaking og håp.
Slik er denne plata i slekt med plater som Bob Dylan’s ”Blood On The
Tracks” og Ryan Adams’ ”Heartbreaker”. Akkurat som Dylan og
Adams, klarar også Beck å unngå å gjere dette til ein pinlig
egotripp i sjølvmedlidenhet og skitkasting. Det har derimot blitt eit
vart og vakkert melankolsk verk, med 12 flotte songar.
Musikalsk er dette laidback, det er country og folk, men ein kan i
produksjonen fortsatt kjenne igjen Beck, med hans hang til psykedeliske
lydcollager samt friske og spennande krumspring. Denne gangen er slike
innfall derimot plassert meir i bakgrunnen, det er orda og melodien som
er sentral.
Nigel Godrich har produsert, han hadde den oppgåva også på
”Mutations” (den av Beck sine utgivelsar som lignar mest på
”Sea Change”), nokon vil også sikkert huske han som produsent på
Radiohead sin klassikar ”OK Computer”. Han klarar å tilføre
sangane eleganse og særpreg, med at han tar vare på varheten og nerva
som ligg der. Det er flittig bruk av strykarar, både som orkester og
enkeltståande og dei ulike elementa (instrumenta og sangen) er i
dialog, slik blir dette laidbacke lydbiletet både spenstig og friskt.
Eg har heilt sidan eg høyrde ”Loser” (Beck sitt første store
krumspring på musikkfronten) vore ein ivrig lyttar av på mannens
stadige musikalske påfunn. Hans andre offisielle utgivelse ”Odelay”
står for meg som ein av dei fremste 90-talls klassikarane. No skriv me
2002, det ironiske tiåret er forbi, og Beck har i møtet med ein av
livets tøffe realitetar signert sin beste utgivelse til dags dato.
Odd Moon 18 oktober
2002 |